Eg besøkte Knudaheio på Jæren i dag, sommarstova til den store diktaren Arne Garborg (1851-1924). Ho ligg høgt, fritt og fint til ved Undheim i Time kommune. Stova stod ferdig i 1899, og nesten kvart år reiste Arne hit for å skrive, til han døydde i 1924.
Innreiing og inventar inne i den vesle stova er autentisk. Møblar og eigendelar, gruve med utstyr, seng og kiste på soverom, stove med skap og skrivebord etc. står der som før.
Dei fleste fotografia som er tekne av Arne i og utanfor huset, er og utstilte inne i stova saman med kopiar av førsteutgåver av dei fleste bøkene som Garborg skreiv.
Arne var bondeson og odelsgut frå garden Garborg, ca. 5 km vest for tettstaden Undheim, men han sa frå seg garden og valde det litterære yrket. Han skreiv romanar, artiklar og dikt og gjorde det godt. Han dreiv også eit svært viktig målarbeid for å vidareutvikle det nye norske skriftspråket - "landsmaalet" (nynorsken) som vår eigen Ivar Aasen nyst hadde lagt grunnlaget for. Eige liv med mange sterke opplevingar prega både hans mange, gode dikt og livsnære romanar. Til dømes er hovedpersonen i romanen "Fred" sitt sjølvmord i siste del av boka, eit ekko og ei bearbeiding av forfatteren si eiga oppleving etter at faren av tungsinn tok sitt eige liv då Arne var 29 år.
Det biografiske verket Knudaheibrev (1904) er og skrive her, og har fått namn etter staden. Når eg på ny, t.d. les dikta Maaneskinsmøyane, Bøn, Ho mor, Sporven og td. Gud signe Norigs land, av dyktige Garborg, ser eg at denne staden og denne utsikta nedover mot Garborg-heimen må ha hatt avgjerande betydning for diktings hans. Her var han nesten alltid åleine, men trygg, og herifrå fekk han skrive fra seg dei mange tankane sine, gode og vonde, som også guiden la vekt på i dag.
I 1924 donerte enka Hulda Garborg eigedomen til Time kommune. Både Arne og Hulda er hauglagde (ikkje gravlagde) i hagen på eigedom men, jf. bilda.
I samband med Garborg-året 2001 (150 år etter hans fødsel) vart det av borna i Undheim skulekrins sett opp to minnesmerke ved Knudaheio: steinandletet «All denne fagre utsyn» av Hugo Frank Wathne, og varden «Tek kvar og ein sin vesle stein».
Knudaheio på Jæren var i dag (22.08.21) ein vakker og minnerik stad å...
Read moreJak sie nie ma co robic to i do Knudaheio mozna przyjechac. Sympatyczna i dobrze utrzymana chalupka pisarza,w ladnym otoczeniu. Rzeźba na pobliskiej górce tez latwo dostepna. Parking bezplatny kolo rzezby. W ladna pogode ladny widok na okolice. No nie jest to cos co musisz koniecznie zobaczyc w Rogaland, ale jest miejsce na przyjemny...
Read moreEstaba cerrado el museo lo visite Domingo a la 13.00 osea no tengo mucho que decir solo de arriba de lo alto puedes apreciar el paisaje los bellos paisajes que nos brinda la naturaleza enraizada en Noruega..!! Norwat beautiful nice wonderful.....
Read more